Klubb Komle
Fredag 08.11 - 21:00 - 03:00 - Vestnorske Teater
OBS!
Dette arrangementet har begrenst med plass.
Fredag 8. november serverer vi dansbar husmannskost i klubb-format. Vi blir med på festen når våre nye venner på Vestnorske Teater lanserer Klubb Komle - en folkeklubb med garantert god fordøyelse og fornøyelse.
Er du nysgjerrig på å lære grunnstega i folkedans? - her kan du komme og få nokre smaksprøver på reinlendar eller springar. Det blir og akustisk, rått og kortreist dansespel få lokale felespelarar, ein feit og lekker dansekonsert som du vil kjenne i magen i lang tid etterpå, og til slutt blir det folkebeats med live hardingfele, trekkspel og kveding til euforien dryp frå taket.
Program:
21.00: Folkedansinstruksjon med folkedansar Lars Fivelstad Smaaberg og musikk frå Are August Flannagan Furubotn
22.30: Audhilds Spelemannslag speler opp til folkedans
23.30: Konsert med Sjur Nyvold
00:30 : DJ Peder Haugfos med live-innslag frå Sjur Nyvold, Lars Fivelstad Smaaberg, Are August Flannagan Furubotn og Johanna Seim
Johanna Seim
I Klubb Komle samarbeidet er Johanna Seim den kunstnarlege krafta og står for innhaldet desse kveldane. Ho nyttar sitt rikhaldige nettverk innan folkemusikken og sett opp program for kvar av kveldane, som spenner frå enkelt musikarar til folkedansarar, spelemannslag og DJ’ar.
Johanna Seim er tysk hardingfelespelar, songar og filmskaper. Ho utforskar element frå tradisjonsmusikk som inspirasjonskjelde i det nyskapande virket sitt. Johanna reiste fra Berlin til Rauland i Telemark for å lære seg å spele norsk folkemusikk. Seinare vart ho Bergensfrelst, og sidan har det vore hjartesaka hennar å skape liv i det lokale folkemusikkmiljøet, og gjere folkemusikk great again.
\\\ENG\\\
On friday November 8th we are serving a homecooked jig in a club format. We join the party as our new friends at Vestnorske Teater launch their brand new concept Klubb Komle - a club night for folk music that will quench your thirst and satiate your appetites.
Curious about the essential steps of Norwegian folk dance? Join us and get a taste of the classic reinlendar or springar. There will also be acoustic, raw and homebrewed jigs with local fiddleplayes, a concert you will feel in your bowels for days to come, and we top the night of with folkbeats joined by live harding fiddle, accordion and chanting until the sense of euphoria drips from the ceiling.
Program:
21.00: Intro to folk dance with Lars Fivelstad Smaaberg with live music by Are August Flannagan Furubotn
22.30: Audhilds Spelemannslag - 10 musicians, one dancefloor.
23.30: Sjur Nyvold
00:30 : DJ Peder Haugfos with live additions from Sjur Nyvold, Lars Fivelstad Smaaberg, Are August Flannagan Furubotn og Johanna Seim
Johanna Seim
At Klubb Komle Johanna Seim is the creative force behind the program. Employing her rich network within the world of folk music she builds each evening from the ground up, including the selection of individual musicians, dancers, fiddler’s teams and DJs.
Johanna is a German harding fiddleplayer, singer and filmmaker. She explores elements from traditional music as sources of inspiration into her own inventive works. Johanna traveled from Berlin to tiny Rauland to learn the ways of Norwegian folk music. Her heart was later stolen by Bergen, where her passion project har been to breathe life into the local folk music landscape, making folk music great yet again.
Medlemmer
LARS FIVELSTAD SMAABERG
- Dans
ARE AUGUST FLANNAGAN FURUBOTN
- Trekspel
SJUR NYVOLD
- Fele, vokal, gitar, synth & sequencer
JOHANNA SEIM
- Hardingfele & vokal
PEDER HAUGFOS
- DJ
AUDHILDS SPELEMANNSLAG
IRENE BJØRKE
HELGE BRØNDBO PLASSEN
IDA MARIE ROGNSVÅG
JOHANNE LILLESLETT
CHRISTIAN BIANCHI STRØMME
DIDRIK BERG
ROBIN VAN DE WALLE
HEGE LASSEMO STØFRING
FANNY LUDESCHER
JOHANNA SEIM